Severdigheter

På Longerak er det mykje gammel veghistorie å sjå i Fånekleiva. Her kan ein gå langs to av dei fire veglinene som har vore i bruk over og rundt lille Fånefjell. Tunnellen me køyrer i dag, er femte vegline gjennom dette området,
som før var ein av flaskehalsane på Setesdalsvegen.

Både produksjon og bruk av tradisjonsrike bunader og smykkekunst er utbredt, likeså folkemusikk.


Setesdalsmuseet på Rysstad, ca 45 minutter med bil nordover, så er det ulike utstillingar av kulturen og tradisjonane i Setesdal.


 

Bygningsmessig har Setesdal sitt særpreg med sine mange gamle lafta tømmerhus, samt bur og loft.


Bygland tun kan ein få omvisning på eit tradisjonelt gardstun, med blant anna ei eldstoge der dei fyrte bål midt i rommet.

På Longerak finst og ein severdighet i form av eit kraftverk frå 1915 i full drift. Dette utnytter eit fall på 300 meter, og har ein praktfull hovudbygning.