Aktivitetar

Bade

Rundt heile Byglandsfjorden er det flotte sandstrender. Alle hyttene har eigen strandlinje og fleire har eigen sandstrand. I det nordlege feltet, der du finn hyttene i kategori A, er det svaberg. Veljer ein å bu i desse hyttene kan ein bruke båten for å kome til flotte badestrender like ved. Vatntemperaturen i Byglandsfjorden er gode om sommaren. Det normale er at vatntemperaturen er mellom 18 og 22 grader.

Båt og kano

Som gjest på Longerakhyttene har du eit rikt aktivitetstilbod like utanfor hyttedøra, der alt ligg til rette for vannaktivitetar på Byglandsfjorden. Her er sandstrender og svaberg, holmer og øyer som er lett tilgjengelige med båt og kano.

Fiske

I Byglandsjorden er det mykje fisk, aure og dverglaksen Bleke. Desse biter villig på sluk og flue. Både fisking med oter-brett frå båt og fisking med slukstang frå land er ein enkel og underhaldande måte å skaffe seg middag på. For spesielt interesserte fins og gode tilhøve for å prøve seg på storauren i heievatn.

Tur i skog og hei

Alt ligg til rette for flotte turar i skog og hei.  Du kan gå rett frå hytta til ulike traktorvegar som tar deg opp på heia, eller kjøre innover skogsbilvegar og gå turer frå denne vegen til flotte utsynspunkt.


På hausten er det ulike typar bær og sopp rett på utsida av hytteveggen.

Elgtun

I nabobygda Grendi ligg Elgtun, ein flott elgpark der ein kan komme heilt intill elgane og vere med på foringa til faste tidspunkt kvar dag. Det er ikkje mange stader i verda ein kan klappe elg, så Elgtun er ein absolutt verd eit besøk.


Sjå elgtun.no  for meir informasjon.

Rafting og elvepadling

Vil du ha fart og spenning har Troll Aktiv eit rikelig aktivitetstilbod med rafting, elvepadling, fjellklatring og mykje meir, kun eit kvarters kjøretur unna.


Sjå trollaktiv.no for meir informasjon.