Ferie på Longerakhyttene gjev deg ypperlege tilhøve for badeliv. Alle hyttene har eigen strandlinje og fleire har eigen sandstrand. I det nordlege feltet, der du finn hyttene i kategori A, er det svaberg. Veljer ein å bu i desse hyttene kan ein bruke båten for å kome til flotte badestrender like ved. Vatntemperaturen i Byglandsfjorden er gode om sommaren. Det normale er at vatntemperaturen er mellom 18 og 22 grader.