4745 Bygland   |   Telefon: +47 37 93 49 50   |   E-post: post@longerakhyttene.no


     


Aktivitetar
Som gjest på Longerakhyttene har du eit rikt aktivitetstilbod. Like utanfor hyttedøra ligg alt til rette for vannaktivitetar på Byglandsfjorden.Her er sandstrender og svaberg, holmer og øyer.    
Rundt heile Byglandsfjorden er det flotte sandstrender. Dette biletet er frå Bygland sentrum.  
 I Byglandsjorden er det mykje fisk, aure og dverglaksen Bleke. Desse biter villig på sluk og flue.
Både fisking med oter-brett frå båt og fisking med slukstang frå land er ein enkel og underhaldande måte å skaffe seg middag på.

For spesielt interesserte fins og gode tilhøve for å prøve seg på storauren i heievatn.

 
I nabobygda Grendi ligg Elgtun, ein flott elgpark der ein kan komme heilt intill elgane og vere med på foringa til faste tidspunkt kvar dag. Det er ikkje mange stader i verda ein kan klappe elg, så Elgtun er ein absolutt verd eit besøk. Sjå elgtun.no  for meir informasjon.  
 

Alt ligg til rette for flotte turar i skog og hei.  Du kan gå rett frå hytta eller kjøre innover heia langs ein låst,
14 km lang skogsbilvei og gå turer frå denne vegen til flotte utsynspunkt.
Vil du ha spenning har Troll mountain eit rikelig aktivitetstilbod med rafting, elvepadling, fjellklatring og mykje meir.  Fullt oversyn over aktivitetane i Setesdal finn du på 
setesdal.com

 


Copyright ©: Longerakhyttene.
Design: Blank Media  Teknisk løysing: Nettkroken AS