Vi har to typer hytter. Alle hytter har ein fantastisk plassering med eigen strandlinje.
Hyttene har ikkje innlagt vatn eller dusj/wc. Dette grunna strenge utsleppsregler. Som gjest på Longerakhyttene finn du biologisk do til kvar hytte. Vatn er ført fram til hytteveggen.
Dusj finn du i fellesanlegget. Her er det og vaskemaskin.
Hyttene i kategori A har straum og utstyr som elektrisk komfyr og stort kjøleskap. Hyttene i kategori B har koking med propan.
Lintøy og handkle må du ta med sjølv.
Velkomen til ein hyggeleg
hytteferie i Setesdal.
Helsing
familien Skjevrak. |